• Hopp til primær menyen
  • Hopp til hovedinnhold
  • Hopp til bunntekst
SVA logo

Sør-Varanger Avis

  • Nyheter
  • Meninger
  • E-avis
Meny
  • Nyheter
    • Næringsliv
    • Politikk
    • Rettsvesen
    • Rundturen
    • Samferdsel
  • Kultur
  • Sport
  • Meninger
    • Leserinnlegg
    • Kommentar
    • Leder
    • Minneord
  • Magasin
  • E-avis
Logg inn
  • Tips oss
  • Bestill abonnement
  • Min side
  • Glemt passord
  • Kontakt oss
  • Kundesenter
  • Redaksjonelle tjenester
Magasin
15 minutter lesetid

«Men verst vart han skamfaren bak» (del 1)

LYTTEPOST: Vardø har framleis militær betydning, men no er det radaren som har overtatt festninga si rolle som bolverk mot aust. Foto: Gunnar Sætra
Gunnar Sætra
ANSVARLIG REDAKTØR - 916 11 414
Publisert: 05 november, 2021 06:00
Oppdatert: 15 mai, 2022 11:40

Fredag ettermiddag. Vardø. Festningsbyen. Kongerikets utpost mot nord. Hurtigruta har akkurat lagt til kai. Eg trillar sykkelen i land frå bildekket på «Kong Harald».

Foran meg ligg eit eksperiment som skal vare 247 kilometer. Det er sjeldan ein slik ekspedisjon er like dårleg førebudd som denne. Heldigvis finst det ein redningsplanke. Den heiter Rute 64 og går frå Vardø til Kirkenes fleire gonger for dagen – med unntak av laurdagane.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Eg har altså tenkt å sykle frå Vardø til Kirkenes. Sørgåande hurtigrute er i rute og klappar til kai klokka 16:15. Det er litt i seinaste laget for å starte turen rundt Varangerfjorden, så eg har tinga overnatting – på Meieriet. Då får eg også tid til å sjå meg rundt i byen.

Historia til Vardø er spennande. Øya har vore Noreg sin militære utpost mot nordaust sidan den første festninga blei etablert på starten av 1300-talet. Opp gjennom hundreåra har staten vore ein aktiv samfunnsbyggar i Vardø – inntil ganske nyleg. Den dansk-norske kongen Christian IV meinte byen var så viktig at han la ut på ei farleg og krevjande sjøreise mot nord i 1599. Da signerte han ein stokk som framleis finst på Vardøhus festning. Alle kongar som har besøkt byen etterpå har fått signaturen sin prega inn i stokken.

STORSLÅTT: Den tidlegare sorenskrivargarden i Vardø blir også omtalt som «Slottet». Foto: Gunnar Sætra

Skjulte perler

Vardø fekk bystatus i 1789 og vaks jamt og trutt til midten av 1970-talet. På det meste budde det 4300 i kommunen (1976), medan folketalet i dag er på vel 2000 personar (2020). Difor er det mange forretningsbygg og bustadhus som ber preg av å ha stått tomme lenge.

Eg tar meg ein runde bort frå hovudgatene – Kaigata og Strandgata – og finn sjølvsagt fleire tomme og falleferdige hus, men det er også skjulte perler – gamle hus som har overlevd både den andre verdskrigen og økonomiske nedgangstider. Det var kanskje desse husa den russiske eventyraren og forfattaren Vasilij Nemirovitsj-Dantsjenko omtalte som store og vakre då han vitja Vardø på 1870-talet, og la til: «Frå ein eller annan stad kom det ei sterk torskelukt» – skreiv han i boka «Strana kholoda» («Kuldelandet»). Lukta stamma frå fiskehjellane som stod i skråningane rundt byen.

Allsidige

Før revolusjonen i 1917 vitja russiske forfattarar Vardø rett som det var og dei skreiv om byen. Ein av dei var Mikhail Prisjvin. Han blei imponert over kor allsidige mange vardøværingar var. Han blei klar over det då han ville ha ein hårklipp:

«Frisøren – han snakker brukbart tysk – er også fotograf, og i tillegg dirigerer han stedets orkester og er sjef for levering av kull til dampskipene. Det går ikke an å leve her ellers. Han forteller meg hvor vanskelig det i det hele tatt er å leve her, hvor fiskerne er fattige, til tross for at det i det ytre ser ut til å være velstand. De årene det er dårlig fiske, spiser man til og med selkjøtt.» (Omsett av Marit Bjerkeng)

ARNESTED: Vardø har ein viktig plass i norsk fiskeri- og kysthistorie. Kystaksjonen står sterkt i byen, og vardøfiskarane var sentrale då Råfiskloven blei vedtatt i 1938. Foto: Gunnar Sætra

Kystopprør

Eg ruslar vidare og passerer det som var Grand hotell – i si tid Noregs mest moderne overnattingsstad. På den eine veggen er det malt ei stor hand som held ein høtt (klepp), symbolet til organisasjonen Kystopprøret.

På nytt har vardøværingar stilt seg i spissen for det dei meiner er ein rettferdig kamp for kystfolket. Kravet er at fisken må gi arbeid og velstand i til dei som bur like ved ressursen, ikkje kvotebaronar som sit på kontor langt unna.

For meir enn 80 år sidan leia vardøværingar opprøret som førte til fiskarstreik i 1937 og Råfisklova i 1938. Eg går forbi og undrar på om det ikkje burde stått ei lita informasjonstavle her om vardøværingane si rolle som kystopprørarar. 

Frå festning til radar

Ein stad til venstre ligg Vardøhus Festning. Ein gong i tida var det Noregs militære bolverk mot nordaust. Under den andre verdskrigen var dette den siste festninga kor det norske flagget vaia – og den første kor det blei heist. Først 9. november, sju månader etter angrepet på Noreg, blei flagget firt og kommandanten arrestert – og det var på plass igjen 31. oktober 1944, meir enn eit halvt år før den tyske kapitulasjonen 8. mai i 1945.

I dag er Vardøhus «primært en flagg- og salutt-festning» – kan ein lese på nettsidene til Forsvarsbygg: «Flagget heises hver dag, og som den eneste saluttpliktige avdelingen i Nord-Norge skytes det salutt på nasjonaldagen 17. mai, unionsoppløsningen 7. juni, samt på alle kongelige fødselsdager. I tillegg skyter festningen solsalutt når hele solskiven vises over horisonten.»  

Dagens kommandant på Vardøhus har mindre makt i byen enn før, og radaren på Vårberget har blitt eit viktig militært lyttepunkt mot aust – og resten av verda – for Nato.

Eg held fram langs Kaigata. Vardø Hotel ligg på høgre hand. Der er det fullt i lang tid framover, og det skal ha samanheng med radaren på Vårberget.

Ein skikkelse står på hotelltrappa. Han rører ikkje på seg. «Er det ei utstillingsdokke, og kvifor har i så fall hotellet nok slikt framfor inngangen?» – spør eg meg sjølv.

Så beveger ei hand seg opp mot hovudet – og ei raud glo lyser opp. Til og med i Vardø må ein ut for å ta seg ein blås.

PÅ SOKKEL: Statuen av Fridtjof Nansen har fått heidersplass i Vardø. Foto: Gunnar Sætra

Oppdagar på sokkel

På venstre side av vegen står det ein kar som ikkje røyker (lenger). Fridtjof Nansen er ein av dei mest kjente nordmennene gjennom tidene og har vitja Vardø fleire gonger. Byen var siste stopp då han i 1893 la i veg med «Fram» over Polhavet med mål om å nå Nordpolen. Dit rakk han aldri, men etter en strabasiøs skitur, og eit langvarig opphald på Frans Josefs Land, kom han og Hjalmar Johansen tilbake til Noreg i 1896. Vardø var – sjølvsagt – første stad kor dei sette beina i land i kongeriket.

Lenger borte i gata får eg noko til felles med Nansen – eg stikk innom Nordpol Kro. Etablissementet marknadsfører seg mellom anna med at «Nordpol Kro var siste tappekran og overnatting for Fridtjof Nansen» før han la ut mot Polhavet og Nordpolen.

Her treff eg også ein kjenning frå Havøysund. Ho budde i Vardø midt på 1970-talet.

– Da var det bustadmangel her. Det er ikkje tilfelle i dag.

Det får halde med éi øl når ein skal legge ut på langtur dagen etter.

SAMMENRASKA: Klar til avgang. Oppakkinga ber preg av at «man tager det man haver». Foto: Gunnar Sætra

Badstue

På Nansen og Johansen si tid kunne ein kanskje ha tatt seg ein tur innom ei av badstuene som var i Vardø rundt førre hundreårsskifte. Dei såkalla «kvænbada» hadde to inngangar, «fiskarsida» og «storkarsida».

Klasseskiljet i byen gjaldt også for dei som var avkledde. Her i varmen rådde «badekvinnene». I byhistoria til Vardø kan ein lese at geologen Reusch likte å ta dampbad i Vardø, og han hadde følgande melding til dei som tvilte på moralen til kvinnene som råda grunnen i badstuene. «Den, som driver dette bad, er en strengttroende læstadiansk kvinne, som ingen upassende spøg skal tillade.» 

I bokverket «Vardø – grensepost og fiskevær» fortel historikar Randi Rønning Balsvik at den dyraste sida i Jørgensen-badet var «fint utstyrt med sjeselonger og puter med rene, hvite trekk. Grupper av menn kunne om lørdagene sitte og prate i timevis i sine lakener og drikke brus eller litt medbragt konjakk.»

Det blir korkje dampbad eller konjakk denne kvelden, men senga på Meieriet var god å sove i.

OPTIMISTAR: Vardø er den einaste byen i fastlands-Norge som ligg i den arktiske klimasona. Slagordet til Vardø kommune er «Cedant tenebræ Soli» (lat: Mørkret må vike for sola). Foto: Gunnar Sætra
KUNNSKAPSKAIER: Brodtkorp-sjåane er restaurert og ein del av Varanger museum. Vardø videregående skole ligg nesten vegg i vegg. Foto: Gunnar Sætra
SLITT: Fargehandelen er blant bygga som kunne trengt eit strøk maling. Foto: Gunnar Sætra

– Slepp å sveitte

Etter ein kraftig frukost er det på tide å sette seg på sykkelen og starte på første etappe. Ute er det lavt skydekke og regn.

Erfarne tursyklistar vil nok seie at oppakkinga på ber preg av amatørskap og dårlege førebuingar, men dette er eit eksperiment. Da leiter ein fram det som måtte finnast i kjellar, på loft og i uthus, og eg reknar med at dette skal halde heile vegen til Kirkenes.

– Du får ha god tur, seier Jonny, verten på Meieriet medan eg går ut i gråveret.

– Du slepp iallfall å sveitte i dag, legg han til. Eg høyrer at han smiler.

Artikkelen fortsetter under annonsen

Neste seng er i Vadsø. Domen er høgste punkt mellom Vardø og Vadsø. Første mål er å passere han utan å gå av sykkelen.

Så blir eg overraska: Det er første gong eg skal sykle under havet, og det attpåtil i Noregs eldste undersjøiske tunell. Første halvpart av den 2890 meter lange tunellen går radig unna. Så går unnabakke og lang strekning på det lågaste punktet over i ein motbakke som er brattare enn eg hadde førestilt meg.

Samstundes blir det stadfesta at forma berre er litt betre enn dårleg. Eg trør ikkje lenge i motbakken før eg finn ut at det er best å leie sykkelen.

UNNSKYLDNING: I 1992 besøkte Kong Harald Kiberg og ba orsaking for måten norske styresmakter hadde behandla partisanane på etter krigen. Foto: Gunnar Sætra

Spennande Partisanmuseum

Ute i dagslyset blir det nokre meter til fots før eg hiv meg på setet igjen. Sidevinden frå nordvest riv i både sykkel og syklist. Den samanraska oppakkinga gjer at ekvipasjen oppfører seg annleis en vanleg. Vinden får betre tak og vekta på forhjulet er merkbar mindre enn eg er vand med, men eg klarer målsettinga om å sykle over Domen utan å gå av sykkelen – bortsett frå feilberekninga i tunellen, da.

Det går unna nedover mot Kiberg, og eg løyver meg sjølv ein stopp på Partisanmuséet. Tidlegare har det ikkje vore tid til å vitje den ominnreia internatskolen medan eg har vore i nærleiken.

Muséet fortel om historia til partisanane og verksemda deira på en pedagogisk og god måte, og eg ser at ein kan opphalde seg her i fleire timar.

Eg har eit av dei mest gripande minna mine frå plassen nedanfor muséet. I 1992 var eg her på jobb for Norsk Telegrambyrå da kong Harald heldt tale ved partisanbautaen og beklaga måten norske styresmakter hadde opptredd på overfor partisanane i Finnmark. Alle partisanane frå Kiberg hadde gått bort, men både enker og barn var til stades.

Eg møtte også Erling Malin, ein av dei som hjelpte partisanane under krigen. Dette var ei sterk oppleving for han.

– Eg måtte ete valium før kongen talte, sa han den gongen.

Malin fortalde også at han skjulte partisanar under krigen, og han var glad for at kongen gjorde ære på dei.

– Mange av dei som har fått namnet sitt på denne bautaen var mine beste kameratar, fortalde Malin i 1992.

Tips SVA

E-post: redaksjon@sva.no
Nyhetstips: 909 90 700 (hele døgnet)
Gå til tips-siden

Kontakt oss

Telefon: 78 97 07 00
Adresse: Pasvikveien 1B, 9900 Kirkenes
Redaksjonen: redaksjon@sva.no // Se alle ansatte

Følg oss


Redaktør

Ansvarlig redaktør:
Gunnar Sætra

Kundeservice: Bestill abonnement // Omadressering // Reklamasjon eller klager // Om informasjonskapsler
Annonsér i Sør-Varanger: Bedriftsannonser
Logg inn på: eAvis

Sør-Varanger Avis arbeider etter Vær Varsom-plakatens regler for god presseskikk. Sør-Varanger Avis har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.

SVA © 2022 · Løsningen er designet og utviklet av Dyplink - dyplink.no